Fjellsportfestivalen

 —
Rating
Likes Talking Checkins
119 0
About www.fjellsportfestivalen.no
Description Sogndal er ei fjordbygd, ein strandsitjarstad, men omgitt av fjell på alle kantar, forma av isbreeane gjennom tusenvis av år, er Sogndal også ei fjellbygd. Vi har ikkje dei høgste fjella i landet, men når det kjem til skikøyring kan vi måla oss med det aller beste, også i høgdemeter. Her kan du velja og vraka i toppar som gir kring eitt tusen høgdemeter i eitt strekk

Sogndalsdalen er hovuddalføret, men har ei rekkje sidedalar og kan by på nedkøyringar i alle himmelretningar
Det vil hovedsakleg vera fjella i Gunvordalen og Frudalen som er i fokus under Fjellsportfestivalen. Her finn du fjell i alle himmelretninger med toppar som varierer mellom 1000 og 1600 moh.
Fjella er den viktigaste areanen i festivalen og det er godt tilrettelagt for at alle som kjem til Sogndal desse dagane skal koma seg til fjells, og kan velja brattleik og vanskegrad utfrå sine føresetnader.
Overview Fjellsportfestivalen er ein vinterfestival med fokus på moderne fjellsport og blir arrangert i Sogndal.

Målet til fjellsportfestivalen er å: stimulera, dyrka og fremja fjellsport, lokalt, nasjonalt og internasjonalt.




Det er Bratt Moro AS som står bak Fjellsportfestivalen. Selskapet er eigd av lokale entusiastar og har utover Fjellsportfestivalen fleire andre aktivitetar.

Kontakt:
Fjellsportfestivalen
Postboks 164
6851 Sogndal
T: 90 99 93 50
post@fjellsportfestivalen.no
Phone 993 33 218
Web site http://fjellsportfestivalen.no
Share

Reviews and rating

Avatar
Rate this company